Kuventræ: Store mengder panteflasker er stolne frå klubbhuset til Os Turn.

Panteflasker for 2.000 kroner stolne på Kuventræ

Politiet har vore på åstaden og undersøkt.

Klokka 13 måndag fekk politiet melding om eit innbrot i idrettsanlegget til Os Turn på Kuventræ.

Panteflasker til ein verdi av 2.000 kroner var borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har undersøkt åstaden og oppretta sak.