Påvist smitte: Tidlegare i kveld, onsdag, kom meldinga om den første påviste smitta av koronaviruset i Bjørnafjorden.

Pårørande smitta: Elevar ved to skular i heimekarantene

Ein skuleforelder har fått påvist smitte.

Tidlegare i kveld, onsdag, kom meldinga om den første påviste smitta av koronaviruset i Bjørnafjorden.

Les også
Koronavirus påvist i Bjørnafjorden kommune

Nyleg gjekk det ut melding til foreldre ved Os ungdomsskule og Kuventræ skule om at éin elev ved kvar av skulane er i heimekarantene fordi vedkomande som har fått påvist smitte, er forelder til elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunedirektør Christian Fotland stadfestar opplysningane i meldinga som no er gått ut.

Mannen har vore på reise i eit område med vedvarande smitteutbrot og kom heim laurdag 7. mars.

Vidare opplyser kommunen at mannen er isolert i eigen heim og alle husstandsmedlemmar er i heimekarantene. Mannen har milde symptom, medan dei andre husstandsmedlemmane ikkje har symptom.

Kommunen har sett i verk tiltak for å kartleggje eventuell smitterisiko.

Skulane er opne som vanleg, men foreldre vert oppmoda om å vera merksame og halda barn heime dersom dei har symptom på luftvegsinfeksjon.