Fotoboksen i sørgåande retning på Halhjemsvegen blinka på 106 bilistar i fjor. (Skjermdump frå Google)
Fotoboksen i sørgåande retning på Halhjemsvegen blinka på 106 bilistar i fjor. (Skjermdump frå Google)

Pengane rullar inn

Har du blitt blinka på av fotoboksane på Halhjemsvegen eller på Kaland? Då er du ikkje åleine. Millionane rullar inn.

I 2014 blinka fotoboksen på Halhjemsvegen i sydgåande retning på heile 563 bilistar. Dei måtte totalt ut med 703.800 kroner. Det året blei 743.419 kontrollerte. Nøyaktig kor mange kontrollar det var dette året, er uklart.

- Fotoboksane er ikkje alltid aktive. Tidlegare var det kamera som blei flytta rundt. No er alt digitalt. Fotoboksen kan slåast av og på ved eit tastetrykk, fortel Ola Akselberg, som er fagansvarleg for automatisk trafikkontroll i Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boksane blir skrudd av og på

I 2015 blei 338 bøtelagt på den same strekninga. Desse måtte ut med totalt 447.100 kroner. Då var det 23 kontrollar og 461.901 bilistar blei kontrollerte.

- Det kan henda at det var fleire kontrollar i 2014, og at det er det som gjer at færre blei tatt i 2015. Kor lenge kvar av desse kontrollane har vara, veit eg ikkje. Dei er på i ein periode og av i ein periode. Dette grunna vedlikehald, og straumen kan gå, osv. Det er ulike grunnar. Om dei hadde vore aktive heile tida, ville vi måtte ha tilsett fleire folk, for kvart tilfelle blir det oppretta sak på, seier Akselberg.

Færre blei bøtelagt i 2016

2015 var det første året fotoboksen i nordgåande retning av Halhjemsvegen blei teken i bruk. Grunna tekniske problem med denne boksen, var det berre éin kontroll dette året. 10.222 blei kontrollerte, og det resulterte i fire fartsoverskridingar.

Dei to fotoboksane på denne strekninga av Halhjemsvegen har teke over 1.000 fartssyndarar dei siste tre åra. Det har resultert i bøter til over 1,3 millionar kroner totalt. (Skjermdump frå Google)
Dei to fotoboksane på denne strekninga av Halhjemsvegen har teke over 1.000 fartssyndarar dei siste tre åra. Det har resultert i bøter til over 1,3 millionar kroner totalt. (Skjermdump frå Google)
Denne fotoboksen ved Kaland skule var ikkje aktiv i 2016. (Skjermdump frå Google)
Denne fotoboksen ved Kaland skule var ikkje aktiv i 2016. (Skjermdump frå Google)

I fjor søkk talet kontroller og dermed talet bøter. På Halhjemsvegen sydover blei 106 bøtelagt. Det kosta dei 138.600 kroner totalt. På ti kontrollar blei 159.220 kontrollerte. Nordover blei 31 bøtelagt. Samla utgifter i bøter viser 26.600 kroner. På tolv kontrollar blei 382.366 kontrollerte. Trafikkoordinator Akselberg, har ikkje tru på at folk flest er flinkare til å halda fartsgrensa samanlikna med føregåande år.

- Talet bøter viser att i talet kontrollar. Folk veit at fotoboksane er der, og dei tenkjer gjerne på dei i god tid før dei kjem og etterpå. Det er ikkje dei store fartsoverskridingane jamnt over. Det er snakk om 10-15 km/t over fartsgrensa. Dei som køyrer for fort gløymer seg gjerne, eller ser seg blind på at dei skal nå ei ferje, eller ta att det tapte som følgje av at dei ikkje rakk ferja, seier Akselberg.

Fotoboks ute av funksjon

Totalt for 2014, 2015 og 2016 blei det gitt ut bøter for 1.316.1000 kroner, utanom politiets fysiske kontrollar. Det er også to fotoboksar på Kaland. Totalt har dei rulla inn 1.390.600 kroner dei tre siste åra, og då var ein av dei inaktive i heile 2016.

- Eg veit ikkje kva som er årsaka til at denne boksen ikkje har fungert. Boksen er nok førebyggjande i ei stund, heilt til folk får høyra at denne ikkje er aktiv, seier Akselberg.

Tal for fotoboksane på Kaland:

Fotoboks nordgåande retning på Osvegen, rett før avkøyringa til Hausdalsvegen:

Artikkelen held fram under annonsen.

2014:

590 bøtelagt. 564.300 kroner totalt. 1.097.245 blei kontrollerte.

2015:

336 bøtelagt. 284.900 kroner totalt. 23 kontroller, og 461.901 blei kontrollerte.

2016:

279 bøtelagt. 235.000 kroner totalt. 21 kontrollar og 680.560 blei kontrollerte.

Fotoboks sørgåande retning, ved Kaland skule.

2014:

213 bøter. 193.900 kroner totalt. 501.157 blei kontrollerte.

2015:

137 bøter. 112.500 kroner totalt. Tolv kontrollar og 356.640 blei kontrollerte.

2016:

Denne boksen fungerte ikkje i fjor.