Brannsjef i Os, Stein Gjøsund, tilrår folk i bygda til å tenna opp med brikettar i staden for avispapir. Han forklarar at dette vil minska sjansen for pipebrann.
Brannsjef i Os, Stein Gjøsund, tilrår folk i bygda til å tenna opp med brikettar i staden for avispapir. Han forklarar at dette vil minska sjansen for pipebrann.

Pipebrann sløkt

Like før klokka 18.00 måndag kveld fekk Os brannvesen melding om pipebrann i ein bustad i Skorvatjørno på Nore Neset. Då brannvesenet kom til var tilløpet sløkt.

- Eg har nett fått melding frå utrykningsleiaren vår om at det ikkje er teikn på flammar i bustaden lenger. Då reknar eg med at alt er under kontroll, seier brannsjef i Os, Stein Gjøsund.

Han fortel at utrykningsleiaren hadde med seg eit lag på fem mann, samt feiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me brukar å ha med feiar slik at me får kosta gjennom pipa etter sløkking. På den måten hindrar me fare for ny pipebrann, fortel brannsjefen.

Han nyttar like godt høvet til å gje «Os og Fusaposte» sine lesarar eit lite tips.

- Når de skal fyra i peisen eller ovnen er det desidert best å nytta tennbrikettar. Dersom ein nyttar avispapir vert stikkflamenn oppover i pipa langt høgare. Då er det også større fare for pipebrann, seier brannsjefen.