Komande tirsdag, 6. februar, kjem William Lindborg, leiar i sentrumsforeininga, til Eldretreffet i Kløvertun og fortel om planar og visjonar for Os sentrum.
Komande tirsdag, 6. februar, kjem William Lindborg, leiar i sentrumsforeininga, til Eldretreffet i Kløvertun og fortel om planar og visjonar for Os sentrum.

Planar og visjonar for Os sentrum

Planar og visjonar for sentrum står på agendaen når William Lindborg kjem til Eldretreffet i Kløvertun tysdag.

Vi er glade i den vakre bygda vår der Os sentrum har vore ”perla ved fjorden” frå uminnelege tider. Med nytt veidekke, baldakinar og blomekassar er sentrum blitt fornya og gjort meir tiltalande siste året.

Men det yrande forretningslivet let venta på seg. Vi les om fornyingsplanar for dei ulike kvartala, men lite skjer når det gjeld ombygging og fornying av dei ulike bygningane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva skjer eigentleg? Kva slags langsiktige planar er der og kva kan vi forventa skal skje i næraste framtid? Lurer du på dette?

Komande tirsdag, 6. februar, kjem William Lindborg, leiar i sentrumsforeininga, til Eldretreffet i Kløvertun og fortel om planar og visjonar for Os sentrum. Han tek gjerne imot spørsmål. Velkomen til samlinga i Kløvertun!

Som vanleg til Eldretreff-samlingane er borda i Kløvertun fint dekka og dei ”høge” smørbrøda kjem inn frå kjøkkenet saman med nytrekt kaffi.

Har du ikkje vore på desse samlingane tidlegare, bør du nytta høvet denne februardagen. Desse samlingane har vore i gang i mange år og er eit samarbeid mellom Os Sanitetsforening og Os Sokneråd.

Velkomen!

Osvald Hindenes

Os Sokneråd og Os Sanitetsforening