Ein av containerane (tidleg under innsamlingsaksjonen laurdag) som gradvis vart fylt med plastavfall.
Ein av containerane (tidleg under innsamlingsaksjonen laurdag) som gradvis vart fylt med plastavfall.

Plastaksjonen: Kven plukka mest?

Tina Skudal er imponert over osingane. Sjekk her kven som plukka mest boss i dugnadshelga!

Medan boss-aksjonen held fram i Fusa, er containerane henta og tømt i Os. Dei var sett ut fem stader i bygda, og i tillegg har folk levert boss-sekkar til gjenvinningsstasjonar hjå BIR.

- Eg er imponert over osingane. Dei har verkeleg trått til, seier Tina Skudal hjå BIR.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utanom Os og Fusa er det berre i Sund kommune BIR har utplassert containerar for bossinnsamling.

Kven samla mest boss?

Etter at BIR samla inn all plasten, har dei vegt det og ført statistikk. For Os ser tala slik ut:

 Ikkje uventa er dei krinsane som er mest kystvende, dei som har samla inn mest. Til saman er det plukka inn 3160 kil boss.

- Med tanke på at plasten er svært lett i vekt er dette mykje, seier Skudal.

Framleis råd å delta

Pga. den store dugnadsinnsatsen på laurdag gjekk BIR Kolskogen tom for strandryddesekkar, men no er det fyllt på att, og framleis er det råd å levera gratisposar med plastavfall til gjenvinningsstasjonen.

- Det er no fylt opp på Kolskogen med nye strandryddesekker. Det er bare å hente - gratis å hente og gratis å levere inn på gjenvinningsstasjon.

- Er du overraska over dei store mengdene plast?

- Dessverre ikkje. Det er til sjuande og sist oss sjølve me gjer dette for. Nano-plast er påvist i fiskekjøtet, og då hamnar det på matfatet vårt, seier Skudal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også råd å leggja fylte sekkar ved hyttecontainerar.