Politiet ber om tips etter grovt tjuveri
Politiet ber publikum om hjelp etter det grove tjuveriet frå Os Maskinering i Ulvenvegen
Innbrotet hos Os Maskinering blei oppdaga av vaktsentralen i løpet av natta til måndag.
Politiet opplyser at det blei teke metall for store verdiar, mellom anna hardmetall.
Dagleg leiar Kristian Rivedal fortalde tysdag til Os & Fusaposten at det særleg var hardmetall frå arbeidsbenkar og verktøyrom som var borte.
– Det som er teke, er spesielt hardmetall frå arbeidsbenkar og verktøyrom. Det ser ut til at det er det dei har vore ute etter. Så langt har vi ikkje oppdaga at andre ting manglar, sa Rivedal.
Måndag var både krimteknikarar og hundepatrulje på plass ved bedrifta. Politiet skildra då åstaden som omfattande, og opplyste at «store verdiar» var borte.
Rivedal etterlyste allereie då observasjonar frå området.
– Dersom nokon som har sett noko mistenkjeleg søndag kveld eller natt til måndag, er det fint viss de melder frå, sa han.
Observasjonar og video
No går også politiet i Bjørnafjorden ut og etterlyser tips frå publikum i saka.
Politiet er særleg interesserte i observasjonar som er gjorde mellom klokka 15.30 søndag og klokka 01.00 natt til måndag.
Dei ønskjer tips om personar og køyretøy som kan ha blitt observerte i området.
Politiet vil også koma i kontakt med personar som har videoopptak frå området i det aktuelle tidsrommet.
Tips kan ringjast inn til politiet på 02800.