Ulukke: Personbilen har fått ein real trøkk i fronten.

Ein person frakta bort i ambulanse etter påkøyring bakfrå

Ein bil skal ha køyrt i ein lastebil bakfrå på Byvegen like ved gamle Best-stasjonen i Os sentrum.

Politiet er no på ulukkesstaden der ein personbil skal ha køyrt i ein lastebil bakfrå.

Ulukke: Ein person skal vera frakta bort i ambulanse.

Bilen har ein del materielle skader. Det er ein del glasbrot i vegbanen og politiet dirigerer trafikken forbi ulukkesstaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ikkje vera snakk om alvorlege personskader, men ein person skal vera frakta frå staden i ambulanse.

Politiet på staden ynskte ikkje å kommentera saka.