Fartskontroll: Utrykkingspolitiet stilte seg opp på Halhjem med laser. Bilete er frå ein tidlegare kontroll. Foto: Benjamin Søgnen Olsen Foto: Arkiv

Politiet fekk det travelt då dei hadde laserkontroll på Halhjem

Heile 16 sjåførar fekk eit forenkla førelegg for brot på fartsgrensa.

Vest politidistrikt opplyser på Twitter at Utrykkingspolitiet har gjennomført laserkontroll på Halhjem.

Det resulterte i 16 forenkla førelegg for brot på fartsgrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

To personar skal i den same kontrollen ha fått eit forenkla førelegg for ikkje å ha nytta bilbelte.