Skal ha leika seg: Politiet meiner at bilistar samla seg her for å sladda og skrensa natt til laurdag. Dei stoppa åtte bilar som kom køyrande ut frå parkeringa, men ingen av dei innrømma å ha køyrd uforsvarleg.

Politiet høyrde spetakkel på lang avstand: Stoppa åtte bilar som kom køyrande frå «Lidl-bygget»

Politiet var på Nore Neset i samband med eit anna oppdrag natt til laurdag, då dei høyrde skriking i bildekk eit stykke unna.

– Vi høyrde skrenselydar frå bildekk frå «Lidl-området» (Lager- og administrasjonsbygget i Ådnadalen journ.mrk.), fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Politiet køyrde i den retninga, og skal ha sett heile åtte bilar koma køyrande på rad og rekkje ut frå den store parkeringsplassen ved bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilførarane blei stoppa borte ved Ulven Leir. Dei blei tekne ut av bilane og forklart kva slik køyring kunne medføra for dei og førarkortet deira, fortel Lyssand og held fram:

– Alle åtte stadfesta at dei hadde vore på staden, men ingen av dei gjekk med på at dei hadde sladda og køyrd uforsvarleg.

Søndag blei det delt ut eit forenkla førelegg til ein mann i 40-åra etter gjennomsnittsmåling på Byvegen.

– Mannen blei stoppa på Byvegen. Han hadde køyrd i 86 km/t i 70-sona. Det fekk han 4.700 kroner i førelegg for, og to prikkar, noko han vedtok på staden, fortel Lyssand.