Til sjukehus: Mannen i 50-åra vart funnen i Os sentrum. Han vart frakta til sjukehus.

Politiet rykte ut med store styrkar då mann stakk frå ulukke: Tips frå publikum gjorde at dei fann han

Bilføraren har førebels ikkje vore inne til avhøyr.

Søndag kveld blei det meld om ei trafikkulukke på Halhjemsvegen nokre hundre meter sør for tunnelen på Moberg.

— Slik det ser ut, har ein personbil kome over i feil køyrefelt. Det var to personar i den bilen. I andre bilen var det ein mann. Politiet fekk opplysningar på staden om at føraren hadde stukke. Det blei henta inn hundepatrulje frå Bergen, og det var i det heile store styrkar involverte, fortel politibetjent Morten Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Har kontroll på mannen som stakk av frå ulukke

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.20. Føraren av bilen, ein mann i 50-åra, blei etterlyst. Tips frå publikum, førte politiet til Osøyro.

— Det var vitneopplysningar som gjorde at han blei funne. Det blei gjennomført alkotest på staden. Testen var negativ. Det er også tatt rutinemessig blodprøve, seier Haugland.

Les også
Gjekk ut med etterlysing etter ulukke på E39

Politiet kan ikkje seia noko om årsak til ulukka. Helse tok over mannen, som førebels ikkje har vore til avhøyr.

— Vi kjem til å følgja opp denne saka i dagane som kjem. Ei kvinne, som var passasjer, blei køyrd til Haukeland Universitetssjukehus etter ulukka, fortel Haugland.