30 frivillige held fram søket etter Marita Sælen i Vik. I dag skal dei leita i vatn og langs strand i små vikar, samt i sidevegane oppover mot Vikafjell.
30 frivillige held fram søket etter Marita Sælen i Vik. I dag skal dei leita i vatn og langs strand i små vikar, samt i sidevegane oppover mot Vikafjell.

Politiet trappar ned. Dei frivillige trappar opp

Onsdag morgon annonserte politiet at dei trappar ned leitinga etter Marita Sælen. Dei frivillige held fram med uforminska styrke.

- I det me går inn i den femte dagen for ein bortkomen person er det ikkje uvanleg at leitinga vert trappa noko ned. Politisjefen i Sogn og Fjordane har no beordra nedtrapping. I praksis tyder det at me no er gått over i ein fase der me ikkje lenger leitar etter ein person som er i livet, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen.

I går kveld avslutta politiet dykkar-søket ved hamna i Vik sentrum. Søket var utan resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me hadde dykkarar som finkjemma botn. Dei fann dessverre ingenting, seier Johannessen.

Treng fleire

Talsmann for familien til den forsvunne Marita Sælen, Brynjar Ulvatne, konstaterer at politiet no trappar ned søket, men presiserer at dette ikkje får følgjer for dei frivillige sin innsats.

- Me vert berre fleire og fleire. I dag er me kring 30 som skal ut og leita. Veldig mange av dei som er komne til er kollegaer av Marita, fortel Ulvatne.

Brynjar Ulvatne er den sakna 46-åringens svoger og talsmann for familien og dei frivillige som held fram leitinga i Vik. (Privat foto)
Brynjar Ulvatne er den sakna 46-åringens svoger og talsmann for familien og dei frivillige som held fram leitinga i Vik. (Privat foto)

Han legg til at dei framleis har eit godt samarbeid med både politi og Røde Kors.

- Me får god hjelp, råd og ressursar. At politiet no trappar ned søket er noko me berre må akseptera, men desto viktigare er det at me frivillige står på, seier Ulvatne.

Får låna hytta

Då «Os og Fusaposten» prata med Ulvatne onsdag morgon, kunne han fortelja at dei no hadde fått låna ei stor hytte som alle dei frivillige kan bu i.

- Hytta har minst 30 sengeplassar, så dette kjem veldig godt med, seier Ulvatne.

Om fleire osingar, eller bekjente av den sakna sin familie ønskjer å bidra i leitinga, er dei velkomne.

Artikkelen held fram under annonsen.

- All hjelp er god hjelp. Folk som vil vera med kan finna kontaktopplysningar på Facebook-sida mi, eller ta kontakt med meg over telefon, seier Ulvatne.

I praksis organiserer dei frivillige seg sjølve dei neste dagane.

- Me samarbeider godt og har klare planar for kvar me skal prioritera å leita vidare. I dag vert det land- og sjø-søk i alle små viker og bukter utover i fjorden. I tillegg vil ei anna gruppe søkja ved dei små sidevegane oppover mot Vikafjell, seier Ulvatne.