Siri Heggland let ikkje sjansen gå i frå seg til å bli foreviga med den nyoppkledde skulpturen ved busshaldeplassen i Os.
Siri Heggland let ikkje sjansen gå i frå seg til å bli foreviga med den nyoppkledde skulpturen ved busshaldeplassen i Os.

Populær Opptur-skulptur

Siri Heggland fann den påkledde Wideberg-skulpturen så vakker at ho ba om å bli fotografert i lag med han.

Osøyro:

Det er mange som har fått med seg at den eine av Nico Widebergs skulpturar ved busshaldeplassen på Osøyro no er kledeleg kledd i ei blå Opptur-t-skjorte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei som let seg fascinera er Siri Heggland frå Tysnes.

– Eg er berre innom Osøyro for å hengja opp nokre plakatar, men dette synest eg var vakkert. Det gav faktisk heile skulpturen meir liv og vitalitet, humrar ho.

I sine vårrike fargar fann ho det freistande å bli foreviga i lag med skulpturen.

Truleg er det skøyeraktige ungdomar som har kledd Nico Widebergs skulptur frå 2012 i Opptur-T-skjorte.
Truleg er det skøyeraktige ungdomar som har kledd Nico Widebergs skulptur frå 2012 i Opptur-T-skjorte.

– Eg måtte berre spørja denne hyggjelege kvinna om ho ikkje kunne fotografera meg her. Eg synest at dei fargerike kleda mine matcha skulpturen heilt perfekt, ler tysnesværingen.

Artig stunt

Kven som står bak stuntet med å kle opp skulpturen vitast ikkje, men ettersom det var Opptur-tur for ungdomskuleelevane i Os på onsdag, er det vel naturleg å tenkja seg at det er nokre yngre skøyarar som står bak.

Heilt ukledeleg var det ikkje, og så lenge t-sjorta ikkje fargar av, så er vel heller ikkje den store skade skjedd.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no