Politiet i Os har tidlegare oppmoda innbyggjarane i bygda om å låsa postkassane sine. (Arkivfoto)
Politiet i Os har tidlegare oppmoda innbyggjarane i bygda om å låsa postkassane sine. (Arkivfoto)

Post på avvege

Sundag føremiddag fekk politiet i Os melding om at det låg post slengt utover i vegbanen i Øvre Varåsen.

Personen som meldte frå hadde lagt posten attende i dei rette postkassane, samt putta det som var til overs i ei raud postkasse tilhøyrande Posten.

- Vi hadde ein del posttjuveri i bygda for ei tid tilbake. Men vi har ikkje hatt slike meldingar på ei god stund, opplyser Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rusa ungdomar

Natt til sundag kom politiet i Os over nokre personar i ei brakke i Kolskogheiane. Personane var i alderen 17 til 20 år, og, ifølgje politiet, godt rusa.

- Ungdomane vart bortviste frå staden, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun-Hadler Olsen.

Same natt, i 5-tida, gjennomførte politiet ein promillekontroll i Ulvenskiftet.

- 20 personar vart kontrollerte. Ingen hadde promille, fortel Hadler-Olsen.

Politioverbetjenten fortel også at sundagen vart brukt til å bistå ei anna driftseining med vitneavhøyr, og at natt til måndag har vore roleg.