Kontroll: Promillekontroll ved Vinmonopolet på laurdag.

Promillekontroll ved Vinmonopolet

— Me har ikkje gjort dette før, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Laurdag klokka 09.22 var det promillekontroll ved Vinmonopolet i Os.

— Fire bilar på veg bort til polet vart sjekka. Alle førarane blåste null, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fall frå båt

Laurdag kveld kl 23.20 måtte ambulansen rykkja ut etter eit uhell i Øyane.

Det vart meldt om støy i området der ein båt var lagt til kai.

— Mannen var mest sannsynleg rusa og skal ha falle ved eit uhell, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Mannen blødde frå armen. Ambulansen og patruljen rykte ut og vedkomande vart teken hand om, opplyser Lyssand.

74 km/t i 50-sona

Klokka 05.49 laurdag morgon skreiv politiet ut eit forenkla førelegg til ein mann som køyrde i 74 km/t i 50-sona i Hegglandsdalen.

— Mannen seier han ikkje høyrde politiet fordi han hadde øyreklokker, seier Lyssand.

Trafikkuhell med 6-åring

I Hagavik laurdag klokka 14.26 vart det meldt om eit trafikkuhell.

Ei ung jente på seks år skal ha mista balansen og kome borti ein bil som køyrde på vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Førar som meldte frå om hendinga tok seg av jenta og følgde ho heim, fortel Lyssand.

Det gjekk bra med både jenta og bilen, ingen skadar.