Båtbrann: Framleis mykje røyk i og rundt Vargavågen klokka 13.30.

Rår folk til å lukka vindauga

– Det er framleis mykje røyk i området. Me ber folk halda seg unna, medan bebuarar i området bør lukka vindauga.

Det seier politivakta på Bjørnafjorden politistasjon litt over klokka halv to fredag ettermiddag.

Vakta vil ikkje gå inn på kvifor denne røyken er så farleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lat oss heller berre seia at ingen røyk frå brann er sunt å få i seg. Me håpar folk tek denne meldinga. Dei som bur i området nær Vargavågen: Lukk vindauga, gjentek vakta.

Les også
Fritidsbåt i full brann. Har spreidd seg til to andre båtar

Byrjar å få kontroll

Etter at det vart meldt om brann i ein fritdsbåt like før halv eitt fredag, gjekk det ikkje lange stunda før brannen hadde spreidd seg til to andre båter. Ifølgje politiet kan det sjå ut til at brannvesenet byrjar å få kontroll.

– Eg ser her i loggen at dei delvis har fått sløkt brannen i dei andre båtane, sa vakta til Os & Fusaposten vel kl 13.30.

Les også
Formann i båtklubben: - Skummelt å sjå kor fort det gjekk