Utbrent: Brannen råka tre båtar.

To båtar gjekk ned. Den tredje er heilt utbrent

Brannvesenet fekk kontroll etter iherdig innsats.

Politiet fekk 12.26 melding om ein fritidsbåt som stod i full fyr «ved ein kai i Halhjemsområdet».

Brannen starta i ein seglbåt i Os Båtforening sitt anlegg i Vargavågen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
– Mannskapet gjorde ein heroisk innsats

Det var Dag Christer Kristoffersen som varsla politi og brannvesen.

– Eg kom inn til brygga med eigen båt, og venta på dei eg skulle plukka opp. Plutseleg kjende eg ei voldsom svilukt. Eg snudde meg, og såg båten som stod i full fyr, fortel han.

Det er ikkje meldt om personskadar, men brannen spreidde seg til to andre båtar.

Spreiingsfare: Det er ikkje meldt om personskadar, men brannen spreidde seg.
Les også
Formann i båtklubben: - Skummelt å sjå kor fort det gjekk

Video: Rebecka Z. Sæthre

Det utvikla seg mykje og giftig røyk i området, så folk vart bedne om å halda seg unna.

Les også
Propananlegg om bord: – Vi bed om at folk respekterer politiets beskjedar
Les også
Rår folk til å lukka vindauga

Brannen spreidde seg til to båtar. To av båtane gjekk ned. Den tredje er heilt utbrent.

Det vart oppretta ei tryggingssone på 100 meter på grunn av mykje røyk og fare grunna propananlegg om bord.

Store styrkar frå brann og politi var i sving. Ambulansebåten hjelpte også til med sløkkingsarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røyk: Røyken var godt synleg.