Hatvik ferjekai: Bjørnafjorden brann og redning er på plass på Hatvik ferjekai.

Ras på Hatvik ferjekai: — Vi har ikkje kontroll per no

Det har gått eit ras av tre, busker og kratt ved Hatvik ferjekai.

Klokka 14.49 melder 110 Vest at det har gått eit ras over Hatvikvegen.

Raset har gått på sjølve ferjekaia på Hatvik, like i nærleiken av ei av dei gamle billettbuene.

Artikkelen held fram under annonsen.

To brannbilar og ein politibil er så langt på staden.

Politiet har dirigert trafikken bort frå kaien og snakka til alle som skulle med ferja.

— Vi har ikkje kontroll per no, var beskjeden til vår journalist på staden.

Det har også tidlegare gått ras på Hatvikvegen. Seinast i 2021.