Rota litt: UP var på staden og kontrollerte sjåføren som rota litt med køyringa på E39. Føraren blei dimittert på staden, og kom seg etter kvart av garde i rett retning.

Raud bil skal ha køyrd litt feil og “rygga og styrt på litt” på E39

Køyrde etter kvart i rett retning.

Torsdag formiddag kom det melding til politiet frå Vegtrafikksentralen om ein raud bil som hadde køyrd “litt feil” på E39 ved Endelausmarka.

— Det står i loggen at vedkomande skal ha “rygga og styrt på litt”. Deretter skal vedkomande ha køyrd i rett retning mot Bergen. Utrykkingspolitiet (UP) kontrollerte bilførar, som blei dimittert på staden, skriv vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontroll ved stoppskilt

Ved Lepsøykrysset hadde UP kontroll torsdag. Politiet har loggført dette til klokka 17.42 torsdag.

— Stoppskilt- kontroll ved krysset Lepsøyvegen/E39. Fire førarar fekk eit forenkla førelegg for ikkje å stoppa for stoppskilt, opplyser vakthavande.

Kontroll på ferjekaien

UP har også hatt kontroll fredag morgon. Denne gongen på Halhjem ferjekai.

— Det er ikkje meld om utslag. Totalt 45 kontrollerte. Seks av desse var tunge køyretøy, opplyser politiet.