Trude Bahus og Sølvi Bugge legg ned svanehjelpen.
Trude Bahus og Sølvi Bugge legg ned svanehjelpen.

Reagerer på lynsjestemninga

Sølvi Bugge og Trude Bahus frå Svanehjelpen meiner store delar av media og kommunen har gått alt for fort fram i spørsmålet om avliving av Hamnesjefen.

– Store delar av media har berre vore på jakt etter drama. Dei har trekt for tidlege konklusjonar utan å sjå det store biletet, seier svanehjelparane.

Vert ikkje høyrde

Bugge og Bahus med Svanehjelpen har i mange år informert og bidrege for gje osingane kunnskap om svanefamilien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For oss verkar det som om enkelte ikkje bryr seg om det me kjem med. Me formidlar kunnskap for å hindre konfliktar. Vis omsyn til svanene og ver varsam. Samarbeid med naturen og ikkje imot den, rår svaneentuasiastane.

– Folk har ringt til oss i staden for politi og brannvesen når det har vore problem med svanene, og så har me tatt det vidare. Spesielt Stein Gjøsund og brannvesenet har samarbeida veldig bra, opplyser Bugge og Bahus.

I strid med fagfolket

Når kommunen no vel å avliva den velkjende svanefaren, meiner dei dette vil vera i mot fagfolket sine anmodningar.

– Kommunen har tatt forhasta slutningar. Dei høyrer ikkje på dei som har greie på dyra. Det verkar også som at størsteparten av Os vil la Hamnesjefen leva. Det vert feil om politikarane skal gå i mot sitt eige folk, seier Bugge og Bahus.

Legg ned Svanehjelpen

Dersom det vert vedteke at Hamnesjefen skal avlivast, er svaneentuasiastane klare i sin sak: Då legg dei ned Svanehjelpen.

– Det er ikkje noko poeng i å halda fram med hjelpearbeidet dersom me vert motarbeida av kommunen og enkelte svanehatarar. Me har brukt mykje tid og ressursar for å hjelpa dyra og det er ingen orsak til å halda fram om det ikkje er til noko nytte, seier Bugge og Bahus.

post@osogfusa.no