- Vi har fått melding om personar som har køyrt opp mot 60 knop. Poenget er at dei ikkje held seg 400 meter frå land, slik reglane seier, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto)
- Vi har fått melding om personar som har køyrt opp mot 60 knop. Poenget er at dei ikkje held seg 400 meter frå land, slik reglane seier, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen. (Arkivfoto)

Reagerer på vasskutarkøyring

Fleire har ifølgje politiet i Os reagert på vasskutarkøyring i området Nordstrøno, Skeisosen og Lepsøy i helga. Personane det gjeld hadde alt for høg fart, alt for nært land.

- Vi har fått melding om personar som har køyrt opp mot 60 knop. Poenget er at dei ikkje held seg 400 meter frå land, slik reglane seier, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Episodane skal ifølgje politioverbetjenten ha funne stad i området Nordstrøno, Skeisosen og Lepsøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Meldinga vert brakt vidare til politibåten, som patruljerte i området. Eg veit ikkje kva resultatet vart, seier han.

Sundag kveld, omlag klokka halv ni, var det eit lite trafikkuhell i Hegglandsdalen. Ein syklist velta og slo hovudet.

- Han var uheldig og ramla. Ambulanse vart sendt til staden, opplyser Hadler-Olsen.