Midtsæterfjellet: 70-åringen er på tur i dette området.

Redningshelikopter og hundepatrulje bistår i leiteaksjon på Midsæterfjellet

— Vi leitar til vi finn han, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Politiet har trykt på den store knappen etter at pårørande tidlegare i kveld melde frå om ein 70 år gamal mann som ikkje har kome heim frå tur til Midtsæterfjellet.

— Mannen har vore på tur i ganske mange timar. Vi har vore i sporadisk kontakt med han på telefon no i kveld, men det har ikkje vore heilt enkelt å kommunisera, seier Hausvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje godt kledd

— Mannen er kledd i dongeribukse, han høyrest ikkje ut til å vera godt kledd for regn og ruskevêr?

— Nei, det tenkjer vi også. Difor har vi trykt på den store knappen.

— Er det snakk om ein utanlandsk turist som ikkje er kjend med norske forhold?

— Nei, det er snakk om ein norsk person.

I skrivande stund er eit redningshelikopter på veg frå Hovudredningssentralen på Sola. Det same er politiets hundepatrulje frå Bergen, samt frivillige lokale leitemannskap.

Politiet kjem til å halda fram søket utover natta.

— Vi held på til vi finn han.