Ikkje avgrensingar: Førebels er det ikkje gitt avgrensingar på samankomstar for barn i barneskule og barnehage, i sin eigen klasse.

Innfører ikkje gult nivå no, men ber barnehagar og skular om å vera budd på at det kan skje

Regjeringa tek nye nasjonale grep som grip direkte inn i kvardagen vår, men prøver, enn så lenge, å skjerma barn og unge så langt som råd.

Alt no skal kommunane ta i bruk trafikklysmodellen i skular og barnehagar ved behov, utgangspunktet er grønt nivå. I tillegg skal det innførast jamleg testing i skular med høgt smittetrykk. Førebels er det ikkje gitt avgrensingar på samankomstar for barn i barneskule og barnehage, i sin eigen klasse.

– Barn og unge kan ha fleire gjester enn vaksne, så lenge dei tilhøyrer same kohort. Dei kan også trena som normalt, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under pressekonferansen til regjeringa i kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare sa han at det er påbod om smittevernfagleg drift i barnehagar og skular, og at det kan bli aktuelt med gult nivå, men at ein ikkje innfører det heilt enno.

– Men det er greitt for kommunane å vera budde, påpeika Støre.

Regelen om ein meters avstand gjeld heller ikkje for barn i barnehagar og barneskular, ei heller vaksne som jobbar med tilbod for barn og unge.

Les også
Dei nye nasjonale påboda og tilrådingane trer i kraft natt til torsdag. Her er alle tiltaka
Les også
Regjeringa innfører fleire økonomiske tiltak

– Vi må unngå overfylte sjukehus

– Mykje tyder på at omikron er svært smittsam. Langt meir smittsam enn delta-varianten vi har levd med ei tid. Heldigvis ser det ut som vaksinen beskyttar mot alvorleg sjukdom.

Slik innleidde statsministeren pressekonferansen. Faren for at ein overbelastar helse- og omsorgtenestene i landet gjer det altså naudsynt med nye tiltak. Tiltaka vert innførte frå klokka 24.00 natt til torsdag 9. desember og skal i utgangspunktet vara i fire veker, men vert vurderte på ny etter to.

– Vi må unngå overfylte sjukehus, og vi må unngå å overbelasta helse- og omsorgstenestene. Smitten må ned, samstundes som vi ønskjer å unngå ei full nedstenging. Det har ein høg pris for mange, sa Støre og vedgjekk at det er ein krevjande balanse.

Både delta- og omikron-smitten aukar i Noreg. Det er nesten like mange koronapasientar på norske sjukehus som det var på det høgaste nivået våren 2020.

– Vi er allereie nær ei overbelasting. Utgangspunktet er mangelen på fastlegar og for dårleg intensivkapasitet, sa Støre og la til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er sannsynleg at omikron finst i alle delar av landet. Difor tek vi nye, nasjonale grep som grip direkte inn i kvardagen vår. Vi reduserer den sosiale kontakten samstundes som vi søkjer å skjerma barn og unge som best vi kan.

Maks ti gjester heime

Statsministeren bed folk om å redusera talet på nærkontaktar.

– Tenk sjølv gjennom kva det betyr. Vi kjem ikkje til å setja noko tal.

I tillegg er meteren tilbake. Folk vert bedne om å halda avstand.

– Ein kan ha maks ti gjester heime, men på julaftan, nyttårsaftan eller éin av dei andre dagane i jula, kan talet aukast til 20, sa Støre og la til at det er ei tilråding.

Han oppmoda også folk om å møtast og å trena utandørs.

Men den aller viktigaste bodskapen no, som før:

– Ta vaksinen. Den har tyding for bekjempinga av viruset, både delta og omikron, understrek Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Set sin lit til at TISK vert gjeninnført i kveld: — Folk er kjempeslitne
Les også
Fem klassar har heimeskule: – Me gjer det me kan for å vera i forkant

Statsministeren utelukka ikkje at det kan koma nye, strengare tiltak om det vert naudsynt.

– Mange føler at vi rykker tilbake til start. Vi har strevd med denne pandemien i snart to år no, og mange er slitne, ikkje minst dei som arbeider i helsetenestene, sa Støre og nytta høvet til å berømma og takka dei som står midt i stormen.

– Også denne tunge runden skal vi gå saman. Vi skal følgja råd og overhalda påbod. Det vil vera uansvarleg å ikkje ta dette på største alvor, sjølv om alt tyder på at vaksinen hindrar alvorleg sjukdom for dei aller fleste, påpeika Støre.