Tysdag kveld: Helse- og omsorgsminister Bent Høie heldt pressekonferanse om koronasituasjonen tysdag kveld.

- To meters avstand og maks to gjester på besøk

To meters avstand blir innført i staden for éin meter, og ein kan maks ha to gjester på besøk i Noreg, har regjeringa bestemt.

– Dei som du til no har halda minst éin meters avstand til, må du frå no av halda minst to meters avstand til, opplyste helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse tysdag kveld.

– Vi rår no til maks to gjester på besøk. Viss du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reisa på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk, sa Høie om dei nye råda for påska.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åleinebuande og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste vener.

Dei nye tiltaka tok til å gjelda natt til torsdag 25. mars, og regjeringa vil ta ei ny vurdering 12. april.