Næringssjef Daniel Skotheim og sentrumsleiar William Lindborg speidar etter regn. – Eg har på kjensla at det vert litt regn dei neste månadane, seier Lindborg.
Næringssjef Daniel Skotheim og sentrumsleiar William Lindborg speidar etter regn. – Eg har på kjensla at det vert litt regn dei neste månadane, seier Lindborg.

Regn, regn kom igjen

Baldakinane skal gjera det enklare for dei handlande å koma seg tørrskodd over Øyro. No tilbyd Os kommune andre former for ly også.

– Vi ser at innbyggjarane beveger seg mellom baldakinane, og i delar av sentrum som ikkje har baldakinar. Difor har Os kommune gått til innkjøp av 160 paraplyar som skal overrekkjast handelsstanden i Os sentrum, skriv næringssjef Daniel Skotheim i ein e-post til avisa.

– Desse får nok bein å gå på, slår dagleg leiar i Os sentrumsforeining, William Lindbor, fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

I det paraplyane får kjenna vestlandsvêret på kroppane for aller første gang, kjem det ikkje ein einaste drope frå himmelen. At regnet kjem til å tromma nedover dei oransje taka dei komande månadane, er det derimot liten tvil om.

– Det er nok ein viss fare for regn. Eg kjenner det på meg, seier Lindborg og smiler.

– Snittvêret i Os gjennom året, er truleg 10 grader og regn, legg Skotheim til.

160 paraplyar vert plasserte rundt om kring i butikkane i Os sentrum. Dermed er det god sjans for at innbyggjarane kan koma seg tørrskodd over øyro, også der baldakinane sluttar.
160 paraplyar vert plasserte rundt om kring i butikkane i Os sentrum. Dermed er det god sjans for at innbyggjarane kan koma seg tørrskodd over øyro, også der baldakinane sluttar.

Utlånsparaplyar til fri bruk

Det er ikkje første gang Os kommune deler ut paraplyar til dei som vitjar Os sentrum. Erfaringane frå tidlegare er ifølgje næringssjefen gode, og no gjer altså Os inspirerer-paraplyen comeback.

– Alle butikkane som ønskjer det, får utdelt paraplyar. Det er meininga at folk skal bruka dei. Men det er òg fint om folk set dei tilbake, seier Lindborg.

Denne gongen er det Os kommune som har betalt gildet, men om det vert aktuelt å bestilla fleire, kan sponsorar vera ei løysing.

– Det er kjekt at paraplyane kjem tilbake. Det er ein enkel ting å gjera. Samstundes som dei er veldig synlege, seier Skotheim, og fortel at paraplyane vart bestilte før han tok til i jobben som næringssjef for om lag eitt år sidan.

Skotheim lovar at dei handlande vil finna paraplyar i Irisgården, og i Os næringspark også, ikkje berre i sentrumskjernen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I beste fall må vi kjøpa fleire, seier Lindborg.

camilla.kvamme@osogfusa.no