Bilete av noko av hasjen som vart beslaglagt då smuglarane vart tekne på Halhjem.
Bilete av noko av hasjen som vart beslaglagt då smuglarane vart tekne på Halhjem.

Rekordfunn: Hasjsmuglarar tekne på Halhjem

Orgkrim i Bergen etterforskar no ei smuglarsak der fire menn vart tekne på fersken på Halhjem like før jul 2018.

Dei fire menna, tre norske og ein dansk, vart tekne på fersken i det dei kom til land med ferja i ein bil fylt med store mengder hasj.

Os lensmannskontor sine lensmannsbetjentar pågreip dei fire og fekk beslaglagt den ulovlege lasta. I ettertid viste det seg å vera snakk om heile 150 kg hasj.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fire mistenkte er i alderen 20 til 45 år. Dei tre norske er alle frå Vestlandet. Dei sit no i varetekt.

Observante passasjerar

Politiet i Os fekk telefon frå observante ferjepassasjerer, som meinte at dei fire oppførte seg mistenkeleg.

– Dette viste seg å vera rett. Då dei kom i land, stoppa betjentar frå Os lensmannskontor og fann desse bagane fulle av hasj, fortel politiadvokat Asbjørn Onarheim.

Hasjen vart fyrste smugla frå Danmark til Noreg med denne seglebåten.
Hasjen vart fyrste smugla frå Danmark til Noreg med denne seglebåten.

Han legg til at dei fire framleis sit i varetekt og at saka truleg er ferdig etterforska til sommaren.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no