Surrealistisk: Lars-Tore Johannessen, rektor ved Lysekloster skule, seier at det er ein surrealistisk situasjon ein er hamna i, men at dei vil gjera alt dei kan for å løysa det på best mogleg måte.

Rektor: – Vi er førebudd på å snubla litt. Det må berre gå seg til

Rektor ved Lysekloster skule, Lars-Tore Johannessen, seier at dei er heilt avhengige av god dialog med foreldre.

Torsdag blei det kjend at alle skular og barnehagar i kommunen vil bli stengde frå i morgon, fredag. Elevane har fått med seg heim bøker i basisfaga, norsk, engelsk og matematikk. Heimanfrå skal dei rettleiast digitalt av lærarar.

– I dei åra eg har jobba i skulen, har eg aldri vore borti noko liknande. Elevar som har vore borte frå skulen over lengre tid, har fått oppfølging på denne måten. Då har det berre vore snakk om éin elev. No er det alle saman. Det er ein surrealistisk situasjon vi står i no, seier Johannessen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rektor meiner at det som blir den største utfordringa, er å handtera alle førespurnadene som vil koma.

– Det må vi berre ta. Vi må prøva og feila i starten, og ting må gå seg til. For at dette skal kunna fungera, er vi avhengige av god dialog med foreldre, seier Johannessen.

Elevane i alle klassane er informerte om kvifor skulen er stengd, og korleis dei enkelte klassane vil jobba vidare med skulearbeid i denne spesielle situasjonen.

– Alle tilsette er utstyrt med eitt hovud, to hender og to auge. Vi skal prøva så godt vi kan å hjelpa alle som treng det slik stoda er blitt. Om ting tek litt tid, kan det vera fordi mange har behov for hjelp samstundes. Vi håpar på forståing for at vi kan snubla litt no i starten. Dei fleste klassane har klargjort arbeidsplanar for veka som kjem, her vil det vera lagt opp til at elevane skal arbeida vidare i bøkene, melder Lysekloster skule på heimesida si.