Koronavettregler: Røde Kors sine koronavettregler Foto: Røde Kors

Røde Kors har laga koronavettreglar for alle

Røde Kors kom i går kveld ut med 9 koronavettreglar med påminningar og retningslinjer.

Mykje har skjedd på få dagar, og mange er usikre på korleis ein skal oppføra seg no.

Derfor kom Røde Kors ut med 9 reglar, liknande fjellvettreglane, men for koronatida me er inne i.

– Sjølv om dei fleste av oss ikkje er smitta av covid-19, er me alle ramma av viruset på ein eller annan måte, seier Bernt G. Apeland, generalsekretær i Raude Kors i pressmeldinga.

– Det har vore mykje fokus på smittevern, og korleis ein skal forholda seg til smitteoverføring. Samtidig det er også viktig å ivareta eiga og andre si psykiske helse, held Apeland fram.

Slik lyder reglane:

1. Følg myndigheitene sine råd til ei kvar tid

Og hugs at råda kan endras på kort varsel. Bruk bare sikre kjelder for informasjon om viruset og sjukdommen, sjekk helsenorge.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Vår oppførsel kan redda liv.

Ta ansvar for å unngå smittespreiing. Ver nøye med handhygiene og hald minst ein meters avstand frå andre menneske. Respekter reglane for karantene.

3. Aksepter eigne og andre sine kjensler

Me reagerer ulikt i stressande situasjonar. Det er normalt å føla seg trist, lei, forvirra, bekymra eller sint under ei krise.

4. Ikkje bruk alkohol eller andre rusmidlar for å takla ein stressa situasjon.

Handter kjenslene dine på ein sunn måte.

5. Hald kontakt med venner og familie

...på telefon, epost eller sosiale medium, om du ikkje kan vera i kontakt med dei fysisk.

6. Vis omsorg

...og ta spesielt kontakt med nokre du trur kan oppleva einsemd. Ikkje gå på besøk til nokre som er i karantene eller isolasjon.

7. Viruset kan ramma alle

Du må ikkje bidra til at frykt for viruset fører til stigmatisering av enkeltmenneske eller grupper.

Artikkelen held fram under annonsen.

8. Ta vare på deg sjølv

Spis sunt, ver i aktivitet og få nok søvn også om du jobbar heime eller er i karantene. Gi deg tid til å kopla av med film, bøker eller anna. Ikkje bruk all tid på å følgja med på sjukdomsnyhende.

9. Ikkje set deg sjølv eller andre i ein situasjon der de treng hjelp

frå helse- eller beredskapsressurser utanfor eigen heim. Ikkje dra på hytta eller anna reise. Det kan spreia smitta og overbelasta lokal beredskap og helsetilbod.