Roleg feiring for brannvernet

Trass mykje vind, melder brannvernet i Os om ei stille og roleg nyttårsfeiring i Os-bygda.

- Vi har ikkje hatt nokon utrykkingar, så alt er vel. Det har vore veldig fredleg, opplyser Anne Kjersti Storebø hjå Os brann- og redningsteneste 1. nyttårsdag.

På grunn av dårleg vêr vart hovudfyrverkeriet på Steinneset utsett til i kveld klokka 20. Dermed får osingane høve til å feira det nye året også dagen derpå.