Alle dei 40 tilsette i Rolls-Royce har fått tilbod om sluttpakke. (Arkiv
Alle dei 40 tilsette i Rolls-Royce har fått tilbod om sluttpakke. (Arkiv

Rolls-Royce-nedskjering råkar osingar

Alle tilsette i Rolls-Royce Marine Norge har fått tilbod om sluttpakke - mellom desse 40 tilsette i Hagavik.

- Dette er ikkje nyhende. Vi sa alt før jul at marinedivisjonen globalt skal ned med 800 tilsette. Det omfattar også då dei tilsette i Os. Dette er eit av tiltaka knytt til det, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk.

Dei tilsette fekk tilbodet i går, og har om lag to veker på seg til å svara.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flytta store delar av produksjonen

Det var om lag 130 tilsette i Rolls-Royce-lokala i Hagavik i 2015. Då store delar av produksjonen blei flytta til Brattvåg det same året, nedbemanna verksemda i Os. Mot slutten av året kjøpte Os Maskinering lokala. Då hadde Rolls-Royce om lag 90 fast tilsette i Hagavik, i tillegg til seks lærlingar og 12 mellombelse tilsette. Etter salet har omtrent 60-70 personar hatt arbeidsstad i dei same lokala, anten som tilsett i Rolls-Royce eller hos den nye arbeidsgjevaren Os Maskinering. No har altså dei 40 gjenverande Rolls-Royce-tilsette fått tilbod om sluttpakke.