Os Reisebyrå feirer 35 år, og gründer Leif Fjellvang og Kjersti Fjellvang stilte med kake.
Os Reisebyrå feirer 35 år, og gründer Leif Fjellvang og Kjersti Fjellvang stilte med kake.

Røper løyndomen bak reisebyrå-suksessen

Etter å ha vore gjennom oppturar, nedturar og pakketurar, kan far og dotter Fjellvang røpa korleis eit godt gamaldags reisebyrå har overlevt i 35 år på Osøyro.

På Øyro finst noko så sjeldant som eit reisebyrå du kan oppsøkja reint fysisk, der du kan få ordna alt du treng til sydenturen, uten å trykka deg gjennom ei einaste nettside. Onsdag markerte dei sitt 35-års-jubileum og lokalavisa var sjølvsagt innom for å gratulera.

– Eg har jobba her nesten like lenge som Os Reisebyrå har eksistert. Eg var med far heilt frå eg var 16 år, seier Kjersti Fjellvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har styrt skuta etter at far hennar, Leif Fjellvang, gjekk av med pensjon for nokre år sidan. «Patriarken» var sjølvsagt til stades då jubileet vart feira onsdag.

Løyndomen

Os og Fusaposten spør om dei kan forklara korleis reisebyrået har klart å overleva gjennom dei skiftande tidene, der blant anna bestilling av reiser på internett har blitt vanlegare og vanlegare.

– Mykje av forklaringa ligg i å yta god og personleg sørvis. I neste omgang gjer det at me blir tilrådd via jungeltelegrafen, seier Fjellvang.

Marie Bruarøy var med på feiringa i reisebyråets lokale på Osøyro.
Marie Bruarøy var med på feiringa i reisebyråets lokale på Osøyro.
Os Reisebyrå består av (f.v.) Ausra Terentjeviene, Jelena Lunde, Annlaug Askeland, Britt Halhjem, Kjersti og Leif Fjellvang.
Os Reisebyrå består av (f.v.) Ausra Terentjeviene, Jelena Lunde, Annlaug Askeland, Britt Halhjem, Kjersti og Leif Fjellvang.

– Me får jo bestillingar heilt frå Nord-Noreg sidan slektningar herifrå tilrår oss, skyt Jelena Lunde inn.

– Me har eit svært godt rykte på oss innan gruppereiser. Det tener me svært godt på, seier Fjellvang.

Far Leif Fjellvang legg til at nyleg ordna dei ei reise for 1.000 personar.

– Økonomien har gått på det jamne. Me blir ikkje millionærar, men me er godt nøgde med å kunna halda sju personar i arbeid, seier Fjellvang.

I tillegg har dei dotterselskapet i Bergen, reisebyrået Reisefeber, som også er ein del av familieverksemda, og vert driven av Knut Fjellvang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførarens første reise

Onsdag fekk ordførar Marie Bruarøy æra av å spretta jubileumskaka, og fortalte at ho sjølv brukte Os Reisebyrå den første gongen ho skulle ut i den store verda.

– Første gongen eg reiste utanlands, som 17-åring, var det Os reisebyrå som ordna alt for meg og venene. Det er noko eige med å kunna oppsøkja ein stad og få fysisk hjelp, sa Bruarøy i sin gratulasjonstale til jubilanten.

ol@osogfusa.no