Bjørn Tomren i lag med Hallgeir Bjørnevik framføre verkstaden til båtbyggjaren. Bjørnevik har bygd båten som jodlaren Tomren i desse dagar ror Noreg på langs i. (Privat foto)
Bjørn Tomren i lag med Hallgeir Bjørnevik framføre verkstaden til båtbyggjaren. Bjørnevik har bygd båten som jodlaren Tomren i desse dagar ror Noreg på langs i. (Privat foto)

Ror Noreg på langs i oselvar

Jodlar og strupesongar Bjørn Tomren ror Noreg på langs i ein av Hallgeir Bjørneviks oselvarar.

Bjørn Tomren reiser verda rundt og opptrer med jodling og strupesong. Han er mellom anna kjend frå duoen Polkabjørn og Kleine Heine.

Men denne sommaren er han altså på rotur - frå Nordkapp til Lindesnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turen starta i nord i byrjinga av juni, og skal etter planen ta om lag to månader.

Båten er bygd av osing og oselvar-entuasiast Hallgeir Bjørnevik, og hans Bjørnevik Båt.

I helga var den spreke roaren komen til Skutvik i Nordland.

Ferda langs noregskysten kan du følgja her: bjornpaalangs.no.