Arne Reidar Mortensen (nedst) - vokal, Bjørn Arnold Alvsåker - bass, Tore Lofnes - gitar og Ørjan Barrie Hennes - gitar. Bandet har fått ny trommis sidan bilete vart knipsa. Han heiter Kristian Solheim Jenssen.
Arne Reidar Mortensen (nedst) - vokal, Bjørn Arnold Alvsåker - bass, Tore Lofnes - gitar og Ørjan Barrie Hennes - gitar. Bandet har fått ny trommis sidan bilete vart knipsa. Han heiter Kristian Solheim Jenssen.

Rottelaboratoriet vitjar Os

Det Stavangar-baserte bandet "Ratlab" spelar på XS Lounge laurdag. - Musikken vår er inspirert av 70- og 80-tals klassisk rock og litt metal, fortel osing og gitarist, Ørjan Barrie Hennes.

"Ratlab" gjer coverlåtar, men satsar mest på eigeprodusert materiale. Laurdag vil det verta spelt utelukkande Ratlab-musikk på klubben i Os.

- Me kjem til å spela litt frå debut-albumet vårt som kom ut i 2012, i tillegg til nytt materiale, seier Hennes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva band er de inspirerte av?

- Iron Maiden, Metallica, AC/DC og Guns N´ Roses, og fleire i den sjangeren, seier Hennes.

Spelar i heimbygda

Tre av bandmedlemene er frå Stavanger, ein er frå Nordfjord, og Hennes er frå Os. Han har tidlegare vore del av fleire band i Os, som "Remedy" og "Melon".

- Eg gler meg veldig til å spela i Os igjen. Eg tok kontakt med XS Lounge då eg var heime på ferie i sommar. Dei var veldig positive til å la oss spela på klubben, seier han.

- Kvifor namnet "Ratlab"?

- Me jobba ein del med namnet. Det er faktisk ein kombinasjon av nokre av initialane våre. Me synest namnet er kult, og det er passande, då me eksprimenterer med klassisk rock, og blandar inn ulike sjangrar, seier Hennes.

Meir enn eit hobbyband

I 2009 starta dei bandet, utan noko mål om å at det skulle vera meir enn eit hobbyprosjekt.

- Me bestemte oss for å starta eit band, og sjå korleis det går. Me føler at me har klart å laga noko bra, og etter kvart har me sett at bandet har meir for seg enn å berre vera eit hobbyband. Me har hatt nokre spelejobbar både for bedrifter og vanleg publikum, seier Hennes.