Kontroll: Bjørnafjorden brann og redning er på staden og kontrollerer bubilen.

Røykutvikling frå bubil

Politi og brannvesen har rykt ut til Mobergsbrua.

Like etter klokka 17.30 torsdag ettermiddag stogga ein bubil på Mobergsbrua etter at det byrja ryke av motoren.

Politi og brannvesen rykte ut, men røyken avtok fort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ikkje vera snakk om verken personskader eller materielle skader. Årsaka kan vera mogleg varmgang.