Fleire klagar: Politibetjent Marita Frotveit meldar om at dei fekk fleire klagar på bråk frå russen natt til laurdag. (Illustrasjonsfoto/arkiv)

Russen bråka godt i natt, men dei var ikkje åleine om det

Russen er inne i si siste feste helg. Det merkast. Samstundes var det ein del anna feststøy.

Politibetjent Marita Frotveit melder om at dei fekk fleire klagar på bråk frå russen natt til laurdag.

— Totalt fekk me inn fire klager på høg musikk frå russen i natt. Første melding kom kl. 22.40. Den siste kl. 03.10. På grunn av andre oppdrag fekk me ikkje snakka med russen før 04.10. Dei hadde då roa seg og skulle til å avslutta, fortel Frotveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kl. 00.12 vart det ringt inn om mogleg skadeverk på ein skule. Det var snakk om fem-seks ungdomar av begge kjønn som hadde vore på ferde. Politiet har ikkje namn på desse, og omfanget av eveventulle skader er per no ukjent.

Det vart også meldt om feststøy frå ei privat adresse i Os sentrum. Det var stille da politiet kom dit ei stund seinare. Meldinga kom i 02-tida.

Utagerande mann

Kl. 00.47 fekk politiet melding om at ein mann i 30-åra stod og hamra på døra på eit hus nord for Os sentrum. Patruljen fekk kontakt med mannen som framstod som rusa. Han vart gitt pålegg om å gå inn i si eiga leilegheit.

Kl. 04.56 fekk politiet inn ei ny melding om same person. Han var då utagerande og sint. Det vart gitt eit nytt pålegg, men dette vart brote etter kort tid. Mannen vart difor teke med til arresten og er no meldt for brot på politiets pålegg.

Like før kl. 07.00 i dag tidleg vart det meldt om ein person som luska rundt sør for Os sentrum. Mannen vart kontrollert og 'funne i orden'. Han vart dimittert.