Egil Bødtker, Sander Haglund og Erik Øye kosa seg med bossplukking i skuletida fredag.
Egil Bødtker, Sander Haglund og Erik Øye kosa seg med bossplukking i skuletida fredag.

Rydda boss i skuletida, men er dei flinke på fritida?

– Mamma er flink til å kjeldesortera, seier Erik Øye og smiler.

Denne veka har Os vidaregåande gjennomført Miljøveka. Dei ulike klassane har hatt ulike oppgåver, som mellom anna undervisning om miljø, forbruk, kjeldesortering og haldningsendringar og verksemdbesøk på BIR. Ein klasse har sett på gjenvinning av rivingsmassar frå bygg. Fredag var service og samferdsel på og kring skuleområdet for å plukka boss.

– Er det kjekt å plukka boss i skuletida?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjempekjekt, men det er kjekkare å ha time og få læring for service og samferdsel er eit ganske vanskeleg fag, seier Sander Haglund.

Store mengder snus

– Er de flinke til å kjeldesortera heime?

– Heime hos oss er vi blitt flinkare. Pappa kjeftar på meg om eg kastar restar av Fjordland-middagen i bosset og det er meir pasta att i emballasjen, seier Egil Bødtker, som er elevrådsleiar og sit i miljørådet.

– Det er kjekt at skulen legg opp til ei så flott veke, seier han.

Det såg nesten ut som at nokon hadde vore og rydda boss før klassane tok den to timar lange runden fredag ettermiddag, men litt var det å plukka.

– Vi har funne store mengder snus og restar av sigarettar, fortel gutane.

– Eg har funne ei flaske, men ho er øydelagd og ikkje noko å ta vare på, seier Øye, som samlar på panteflasker.

– Eg har spart i nokre år og tent nokre hundrelappar på det. Eg sparar til bil eller hus, seier han og ler.