10-15: Då politiet kom til staden, var 10-15 ungdomar samla.

Rykte ut etter melding om fest ved Knutabruo: - Dei oppførte seg fint

Tysdag kveld fekk politiet melding om «fest og fulle ungdomar ved Knutabruo».

Då politiet kom til staden, var 10-15 ungdomar samla.

– Ungdomane oppførte seg fint og hadde det hyggeleg i det fine veret, fortel Atle Birkeland som er fagleiar og innsatsleiar i politiet i Bjørnafjorden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par uromoment var det likevel, og eit fåtal hadde drukke alkohol.

– Ein mindreårig blei henta på staden av føresett, fortel Birkeland.

Politiet var innom staden fleire gonger i løpet av kvelden og natta. Birkeland fortel at dei vil halda fram med slike «kontrollar» utover sommaren.

Ca kl 18.30 tysdag kveld blei ein bil stansa på Lepsøy av UP. Føraren i 20-åra hadde ikkje gyldig førarkort og blir meldt for forholdet.