Rusa: Politiet tok hand om åtte ungdomar i Os sentrum onsdag kveld, der minst ein av dei var veldig rusa.

Rykte ut til melding om rusa mindreårige i sentrum: — Éin av dei var veldig rusa

Meldinga om synleg rusa ungdom i Os sentrum kom tidleg onsdag kveld.

— Vi fekk melding klokka 18.42, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.

Meldar skal ha observert ungdomane i sentrum. Der det var tydeleg at minst ein av godt rusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette var mindreårige i ungdomsskulealder. Dei var åtte ungdomar. Fire jenter og fire gutar. Ein av gutane var veldig rusa. Han sov då politiet kom til staden. Foreldre blei kontakta. Dette er klart noko som eg må følgja opp i det førebyggjande sporet, seier Lyssand.