Brann: Bjørnafjorden brann og redning rykte ut til Vågshaugen.

Rykte ut til Vågshaugen: — Lukta svidd plast

Brannvesenet rykte ut til ei adresse i Kuvågen.

Klokka 15.38 melde 110 Vest på X at det er røyk i eit hus i Vågshaugen.

Framme på staden, merka mannskapet frå Bjørnafjorden brann og redning at det lukta ein type svidd plast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha sjekka vidare, kunne dei konstatera at det ikkje var nokon brann og ikkje noko fare på ferde.

Det var derimot eit smelta stearinlys som hadde laga litt krøll. Dei blir verande på staden og ventilerer andre og tredje etasje med mekanisk vifte.

Vågshaugen er eit bustadfelt i Kuvågen i Os.