Den store leiteaksjonen vart avblåst etter at ein tilfeldig forbipasserande fann ungane i ein barnehage.
Den store leiteaksjonen vart avblåst etter at ein tilfeldig forbipasserande fann ungane i ein barnehage.

Sakna femåringar funne i god behald

Etter at ein stor leiteaksjon vart iverksett i kveld, vart dei to femåringane funne på leikeområdet til ein barnehage.

Ein jente og ein gut på 5 år vart måndag ettermiddag meldt sakna frå heimen sin på Moberg. Politiets hundepatrulje, brannvesenet, luftambulanse, Norske redningshunder og Røde Kors leita etter dei. 

Ungane hadde vore sakna i to timar då foreldra melde frå klokka 18.44. Foreldra kunne fortelja at ungane hadde teke med seg kjeks for å ha seg ein piknik, seier politiet til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein tilfeldig forbipasserande oberserverte rundt klokka 1930 to born som leika ved ein barnehage i området. Dermed vart borna gjenforeinte med foreldra sine, melder politiet.