Måndag måtte rektor på Os ungdomsskule, Kåre Lutro, senda elevane heim. Tysdag held undervisinga forhåpentlegvis fram. (Arkivfoto)
Måndag måtte rektor på Os ungdomsskule, Kåre Lutro, senda elevane heim. Tysdag held undervisinga forhåpentlegvis fram. (Arkivfoto)

- Satsar på at alt er i orden til i morgon

Måndag føremiddag vart alle elevane sendt heim frå Os ungdomsskule. På grunn av straumbrot var det rett og slett for kaldt å vera i klasseromma.

Straumbrot kombinert med bitande kulde ute, gjorde at dei nær 400 elevane på Os ungdomsskule fekk ein særs kald start på veka.

Brotet på hovudsikringa laurdag morgon, vart ikkje oppdaga, og i løpet av helga sneik kulda seg inn i bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg fekk melding frå vaktmeisteren måndag morgon om at straumen hadde vore borte. Vi fekk anlegget i gang igjen, og starta dagen, men temperaturstiginga gjekk ikkje raskt nok. Då vi fekk rapportar frå klasseromma om at det var mellom 12 og 14 grader der, var det berre éin ting å gjera: Vi måtte senda folk heim, seier rektor ved Os ungdomsskule, Kåre Lutro.

Det er ikkje første gang straumen er borte på Os ungdomsskule i helgane. Det same skjedde for berre eit par veker sidan. Då var det ikkje like kaldt ute, og konsekvensane vart ikkje like dramatiske.

- Skulen er bygd opp ved hjelp av søyler. Søylene går gjennom heile bygget, og er ikkje isolerte. Når det først set seg kulde i betongen, og det ikkje er noko varmevegg på innsida, vert det fort kaldt, seier Lutro.

Tysdag er temperaturen på skulen forhåpentlegvis ein heilt anna, og elevar og tilsette kan venda attende til arbeidet.

- Vi satsar på det, seier rektoren.