Lepsøykrysset: Her er det delt ut ein haug med førelegg og førarkort-prikkar dei siste vekene.

Sensasjonelt kontrollresultat i Lepsøykrysset fredag kveld

For ørtande gong dei siste vekene tok UP oppstilling ved Lepsøykrysset på E39.

Og for ein gongs skuld vart resultatet at ikkje ein einaste bilførar vart ilagd nokon reaksjon.

Dermed kan vi konstatera at det er mogleg å overhalda stopp-plikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Her er det mange som sluntrar unna. Difor er det stort fokus på krysset
Les også
Ny kontroll i Lepsøykrysset. Slik gjekk det denne gongen
Les også
To nye førelegg skrivne ut i Lepsøykrysset
Les også
To til rauk på bot i Lepsøykrysset
Les også
Fleire førarar fekk saftige førelegg i Lepsøy-krysset

Verre på søndag

Like bra gjekk det dessverre ikkje søndag ettermiddag.

Klokka 17.50 gjennomførte to UP-patruljar ny stoppskilt-kontroll her.

Resultatet vart to forenkla førelegg på kr 7.450 og tre prikkar for brot på stoppskilt.

Ein bil vart også avskilta på grunn av begjæring.