Åtferdskontroll: Torsdag føremiddag hadde UP åtferdskontroll ved stoppskiltet i krysset Lepsøyvegen/Halhjemsvegen.

To nye førelegg skrivne ut i Lepsøykrysset

UP hadde kontroll torsdag.

Torsdag formiddag hadde UP åtferdskontroll ved stoppskiltet i krysset Lepsøyvegen/Halhjemsvegen. Dette resulterte i to forenkla førelegg (7.450 kr + 3 prikkar).

UP hadde også promillekontroll i Storestraumen. 27 førarar vart kontrollerte. Her var det ingen reaksjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til fredag fekk politiet melding frå bilførar som meinte han hadde rygga på eit dyr ved Spar Hagavik.

– Vedkomande var usikker på om det var ein hjort. Dyret sprang inn i skogen og Viltnemnda blei varsla, opplyser innsatsleiar.