Næringssjefen i Os, Daniel Skotheim, er klar for å trekkja den første vinnaren blant dei 3.000 gåvekorta Laila Moberg har i korga.
Næringssjefen i Os, Daniel Skotheim, er klar for å trekkja den første vinnaren blant dei 3.000 gåvekorta Laila Moberg har i korga.

Sentrumsjulekorta vart ein stor suksess

- Fleire osingar la handelen til Os sentrum i år, så ideen om å laga eit julegåvekort for sentrumsbutikkane vart ein kjempesuksess, seier Laila Moberg.

Onsdag stilte Moberg opp på torget i Os sentrum saman med næringssjefen i Os, Daniel Skotheim, og eigar av butikken Nordisk Rom, Kathrine Heggland, for å trekkja ut 33 vinnarar blant godt over 3000 kort.

Korga som Moberg held opp er fullstappa av raude "Handle & Vinn"-kort. Alle har stempel frå butikkar dei har vore innom i dagane før jul. Kundane har fått eitt stempel for kvar handel.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Os og Fusaposten» sin utsende har ikkje heilt fått med seg kva som må til for at korta skal vera godkjende som lodd, og Moberg forklarar:

- Kortet må ha fem stempel for å bli godkjent. Kunden har fått eitt stempel for kvar handel ho/han har gjort. Mange har sikkert kort med eitt, to eller tre stempel liggjande heime, dei er nemleg ikkje gyldige som lodd, fortel ho.

Gode tilbakemeldin

- Korleis kom de på denne ideen?

Den utsende journalisten i Os og Fusaposten fekk æra av å trekkja vinnaren av eit abonnement på lokalavisa.
Den utsende journalisten i Os og Fusaposten fekk æra av å trekkja vinnaren av eit abonnement på lokalavisa.
Over 3.000 julegåvekort hadde fem kjøpestempel og var dermed med i trekninga.
Over 3.000 julegåvekort hadde fem kjøpestempel og var dermed med i trekninga.

- Forslaget kom frå Tove Tvedt. Og i mangel av eit sentrumsgåvekort tykte me dette var noko me hadde lyst å prøva ut. Me sende difor ut invitasjon til alle som driv forretning og næringsverksemd i Os sentrum - både medlemer og ikkjemedlemer av Os Sentrumsforrening, fortel Moberg som sit i interimstyret i Os sentrumsforening.

Responsen blant dei næringsdrivande var svært god, og i samarbeid med designarar frå Loops fekk dei laga Sentrumsjulekorta. Korta låg i butikkane fram til julaftan.

- Me har fått utruleg mange positive tilbakemeldingar på tiltaket, så eg håpar at det nye styret i Os Sentrumsforrening tek dette opp att til neste år, seier ho.

Dei heldige vinnarane

Laila tek med seg korga og bed næringssjefen trekkja det første kortet.

- Dette er eit gåvekort på 500 kroner frå Strikkebutikken, og det går til... Katrine Viken, kunngjer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så går det slag i slag. Gåvekortet frå Os Blomsterservice går til Åse Olsen, medan Hanne Dahl får gåvekort frå Moberg Sko. Når gåvekortet på eit halvt års abonnement på lokalavisa, får «Os og Fusaposten» sin utsende sjølv trekkja ut kortet til den heldige vinnaren: Sølvi Mjånes.

Rause gåver

Lista over gåver viser at dei som driv handel eller anna næringsverksemd i Os har vore rause. Til saman har verksemdene gjeve over 35.000 kroner. I tillegg til gåvekort på 500 eller 1000 kroner, er det gåvekort på ymse tenester/tilbod som t.d. gratis årskort (verdi kr. 3.300) på treningssenteret Aktiv365 i Brugata, kickstartpakke med PT Amanda på Energi Trening til ein verdi av 990 kroner, familiefotografering hos fotograf Silje Lepsøy (verdi kr. 1.190),

Rausast av alle har gullsmed Johan Eide vore. Han gir nemleg bort ein diamantring til ein verdi av 5.799 kroner. BORG VÈR har også slått på stortromma og gjev vinnaren eit valfritt plagg opp til kr. 3.499.

Og då den heldige vinnaren av diamantringen, Patricia Langeland, vart annonsert, kom det fleire begeistra utbrot frå dei som var med under trekkinga.

- Det var heilt fantastisk at Patricia vann ringen. Det er henne så vel unt, sa Laila Moberg.