Flytebryggja i Mobergsvika blei velta av einstor gruppe ungdomar søndag. Dei ordna heller ikkje opp etter seg som dei lova, så Bergen og Omland Friluftsråd måtte ta jobben.
Flytebryggja i Mobergsvika blei velta av einstor gruppe ungdomar søndag. Dei ordna heller ikkje opp etter seg som dei lova, så Bergen og Omland Friluftsråd måtte ta jobben.

Ser alvorleg på flytebryggje-velt

Søndag samla ei stor gruppe born og unge vaksne seg på flytebryggja i Mobergsvika. Dei gjorde det dei kunne for å velta flytebryggja – og lukkast med det.

– Det var fullt av folk på flytebryggja. Born i sju til tiårsalderen og unge vaksne i alderen 19–22 år. Det skal så lite til for at det blir ei alvorleg hending. Om ein av dei hadde blitt slått eller sparka medvitslaus då flytebryggja gjekk rundt, og blitt liggjande under vatn, er det ikkje sikkert at dei andre hadde merka det, seier Brannsjef Stein Gjøsund.

Etter hendinga snakka brannsjefen med ein av gutane og far hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Guten hadde blitt sparka, eller så hadde han blitt treft av flytebryggja då dei gjekk rundt. Han hadde vondt i brystet. Det kunne ha gått gale.

Gjorde ikkje som lova

Brannsjefen omtalar stuntet som på grensa til hærverk. Dei som velta flytebryggja klarte ikkje å snu ho igjen.

– Dei var klare over kva dei gjorde. Dei gynga fram og tilbake, før alle stilte seg på ei side slik at dei klarte å tippa brygga over. Den same teknikken prøvde dei å nytta for å snu brygga igjen, men det fekk dei ikkje til. Dei lova å koma tilbake og prøva å snu brygga ved hjelp av ein båt. Det har dei anten ikkje gjort, eller så fekk dei det ikkje til, for måndag morgon låg flytebryggja framleis slik, seier Gjøsund.

Litt seinare måndag føremiddag, kom Bergen og Omland Friluftsråd til Mobergsvika og snudde flytebryggja, slik at ho no ligg rett veg igjen.

Forbod mot open eld

Skogbrannindeksen målt på Florida i Bergen viser ifølgje nettsida til Fusa kommune «svært stor skogbrannfare» i dagane framover. Både i Os og Fusa blei det innførtforbod mot bruk av open eld i går søndag.

– Det er ikkje alle som har fått det med seg. Eg snakka til nokon som grilla med eingongsgrill i fjæra ved Steinneset i går. Dei sa at dei ikkje var klare over forbodet, seier Gjøsund og held fram:

– Vi har fått fleire bekymringsmeldingar. I går var det ein bebuar i nærleiken av friluftsområdet på Søfteland. Vedkomande såg at nokon grilla. Det er fleire brannar som har oppstått på grunn av eingongsgrill, som den store skogbrannen i Lommedalen i Bærum. Fredag var det også ein liten brann ved Banktjørnet. Også denne starta i samband med bruk av eingongsgrill. I forskrifta står det at det er forbod mot bruk av open eld frå 15. april til 15. september, så lenge det openbart ikkje er fare for brann. No som det er vedteke forbod, er det ikkje lov med open eld – uansett. Det er ikkje lov å grilla sjølv om ein sit heilt nede i vasskanten, seier Gjøsund.