Auke: Politiet ser ein auke i tal born og unge som sel seksualiserte bilete og filmar av seg sjølve.

Ser ein auke i tal born som sel seksualiserte bilete og filmar av seg sjølve

Politiet i Bjørnafjorden og Austevoll kjem med råd til foreldre.

Det er på Facebook-sida “Politiet i Bjørnafjorden og Austevoll” at dei går ut med råd til foreldre.

— Dei siste åra har politiet registrert ein auke i tal born som sel seksualiserte bilete og filmar av seg sjølve. Det er straffbart å kjøpa slike bilete og videoar som viser born og ungdom under 18 år. Deling av materiale skjer i hovudsak på Snapchat. Til betaling blir Vipps ofte brukt, skriv politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv dei at gjerningspersonane i hovudsak er menn, men at dei også ser ungdom som står bak ugjerningane. Dei fornærma er som regel jenter i 13-16-årsalderen.

Politiet kjem med følgjande råd til foreldre:

* Snakk med ungdomane om sal av nakenbilete og moglege konsekvensar. Mange seier ikkje ifrå om at dei er hamna i ein vanskeleg situasjon av frykt for straff og sinte føresette.

* Følg med på betalingstenester og legg merke til betalingar frå ukjende personar.

* Kontakt politiet dersom det kjem fram at noko straffbart har skjedd. Dette er særleg viktig ved mistanke om tvang eller truslar.

Her er lenke til politiet sin nettpatrulje.