Yogainstruktør Karina Lyssand (t.h.) er glad i yoga og kattar. I november set ho opp kurs til inntekt for Oskatten.
Yogainstruktør Karina Lyssand (t.h.) er glad i yoga og kattar. I november set ho opp kurs til inntekt for Oskatten.

Set opp yogakurs til inntekt for Oskatten

– Oskatten treng hjelp, og eg er veldig glad i kattar, seier yogainstruktør, Karina Lyssand.

Ein kveld Lyssand sat heime på sofaen med katten sin, tenkte ho på alle kattane ute som ikkje får hjelp.

– Det er kaldt og fælt ute, og det er mange kattar som ikkje får hjelp, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig arbeid

Det førte til at ho tok kontakt med Oskatten og fortalde kva ho hadde tenkt å gjera.

– Dei har teke med seg kattar heim, betalt vaksine og veterinær-rekningar frå si eiga lomme. Det er utruleg viktig arbeid dei gjer, seier Lyssand.

Difor har yogainstruktøren sett opp to kurs ein laurdag midt i november.

– Eg håpar på fulle kurs, seier Lyssand.

Det er to år sidanosingen starta Os Yoga.

– Korleis går businessen?

– Det går veldig bra. Det kom overraskande på meg at det blei så populært. Det er mykje folk og god stemning. Ein veit aldri kva som skjer i framtida, men førebels går det strålande, seier Lyssand og smiler.