Showløpet er avlyst og Bjørnis uteblir frå Bondens Dag
Vi går inn i ei helg med mykje på programmet. Etter at H.M Kong Harald gjekk bort fredag morgon, vil ikkje alt gå av stabelen som planlagt.
På Kuventræ skal mange barn i sving på Os Kiwi Bama-Cup. Endre Brenne har stadfesta at kampane går som planlagt laurdag og søndag, og at arrangementet elles blir gjennomført med ei grad av ro og verdigheit.
Primus motor bak Likbrekko Opp, varabrannsjef Erik Walden i Bjørnafjorden brann og redning, fortel at dei i samråd med leiinga i kommunen har landa på å avlysa showløpet.
– Det er ikkje rett tid for eit showløp. Vi kjem sterkare tilbake neste år, seier han.
Ein dag for barna
I Os sentrum er det klart for tradisjonsrike Bondens Dag. Fjordfolk står bak dagen på oppdrag frå Os sentrumsforening og Os Bondelag.
Dagleg leiar i Fjordfolk, Marthe Kristensen, fortel at dei i samråd med sentrumsforeininga og bondelaget har kome til at Bondens Dag blir arrangert.
– Det er ein veldig fin dag for barn i sentrum. Eg tenkjer at Kongen ville ha sett pris på at ikkje det vert avlyst, av omsyn til barna. Eg har vore i dialog med bondelaget og styret i sentrumsforeininga, som tenkjer det same, seier Kristensen.
Ingen Bjørnis
Brannbamsen Bjørnis er ein populær figur blant barna. Han plar ta turen til sentrum denne dagen, og er oppført i programmet. Men varabrannsjef Walden opplyser fredag at det er bestemt at Bjørnis ikkje blir del av dagen i sentrum i år.
– Eg tenkjer at det under desse omstenda ikkje er passande at Bjørnis kjem for å laga show i sentrum, seier han.