Under den bratte fjellsida ligg eit innstøypt sjøbasseng og derfrå er det støypt ein gangveg i betong. Trappa som er støypt inn i fjellveggen manglar rekkverk.
Under den bratte fjellsida ligg eit innstøypt sjøbasseng og derfrå er det støypt ein gangveg i betong. Trappa som er støypt inn i fjellveggen manglar rekkverk.

Sikringsgjerde snart på plass

Den bratte skrenten ned mot det vesle støypte bassenget på Lyngheim, er enno ikkje sikra med gjerde, men vil forhåpentlegvis vera på plass før påske, ifølgje Os kommune.

I fjor haust vart lokalavisa kontakta av ein av naboane til Lyngheimparken. Han frykta at det ville skje ei ulukke om ikkje den 4-5 meter høge skrenten vart sikra med eit gjerde. Fjellveggen stuper bratt ned mot eit støypt basseng og ein sementert gangveg, og kan få katastrofale følgjer om ein unge skulle springa eller sykla utfor her.

Også den gamle betongtrappa som går ned til sjøen frå kanten av berget, bør sikrast med rekkverk. Det gamle rekkverket var i såpass dårleg stand at det vart skore ned for ein del år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då me snakka med teknisk sjef, Marianne Kramer, i oktober i fjor, fortalde ho at skrenten og trappa stod på lista over sikringstiltak som skulle fullførast innan utgangen av 2016.

Ventar på pris

Me tek kontakt med teknisk etat for å høyre kor saka står, og kvifor gjerdet enno ikkje er på plass.

- Først vart det litt venting for å få på plass nok midlar til sikringstiltaket på 2016-budsjettet. Men no er me i gang, og har bede om pris på arbeidet frå eit firma, seier Dag Søfteland.

Skulle du vera uheldig å mista balansen på toppen av den 4-5 meter høge skrenten, kan du hamna rett i sjøbassenget eller i betongen.
Skulle du vera uheldig å mista balansen på toppen av den 4-5 meter høge skrenten, kan du hamna rett i sjøbassenget eller i betongen.

Han er samd i at gjerdet bør opp før det går mot vår og meir besøk på Lyngheim, og lovar å purra på firmaet for å få litt fortgang i saka,

Då er det berre å håpa på at gjerde og rekkverk er på plass i løpet av mars/april.