3RW)
3RW)

Sjekk det torgbygget!

I dag vart teikningane av det nye torgbygget på Osøyro vist fram for første gong. Sjå biletserie!

På det pågåande seminaret til Os Næringsråd viste ordførar Terje Søviknes teikningane fram for fyrste gong. Arkitektkontoret 3RW står bak bygget som etter planen skal stå ferdig på torget før advent.

- Eg reknar med at desse teikningane vil vekkja debatt. Men me er nøydde til å strekkja oss litt og skapa noko unikt dersom det skal ha appell utanfor Os, seier ordføraren til «Os og Fusaposten».

Artikkelen held fram under annonsen.

«Os Rosen Paviljong»

3RW har kalla bygget «Os Rosen Paviljong» etter det mest markante grepet i designet av bygningen. Heile himlingen på bygget er nemleg dekt av den tradisjonelle rosemålinga bygda er kjent for.

- Det er ei blanding av det tradisjonelle og det ultramoderne. Osrosa i himlingen som tradisjonsberar kombinert med eit moderne bygg med glass og søyler, seier ordføraren, før han legg til:

- Men det ser ut til at 3RW ikkje har heilt god nok kjennskap til osdialekten. Skal bygget ha eit namn, må det no bli «Osroso paviljong»!

Torghandel og restaurant

- Ut frå teikningane ser ein at det er teikna inn bardisk, kjøken, og tilsettgarderobe. Tyder det at ein ser for seg permanent restaurantdrift her?

- Ja, me ser for oss eit kvalitetskonsept med kafé og restaurant. Nett no leitar me litt etter konseptet og nokon som kan driva dette. Me ønskjer å ha lokal mat og norsk kvalitet i høgsetet. Gjerne i samarbeid med lokale produsentar som også kan driva torghandel under utstikka. Vona er at folk skal få den opplevinga ein forbinder med eit torg, seier Søviknes.

Han seier det er eit mål å få til eit årshjul med program der det skjer noko kvar laurdag. Både lokale lag og organisasjonar, kulturkrefter og andre blir inviterte med på å skapa noko som skjer i sentrum.

- Det blir ekstra sitjeplassar på resten av torgplassen for publikum. Det er også ein takterrase oppå torgbygget som me vonar kan takast i bruk t.d. til intimkonsertar om sommaren, seier han.

Finansiering

- Ser ein for seg eit spleiselag mellom kommunen og grunneigarar for å finansiera dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I utgangspunktet har me invitert næringslivet med på 30 pluss 30 millionar for oppgradering av bydraget. Men sjølve restauranten ser me for oss å leiga ut, så den delen vil bera seg sjølv. Og då er det ikkje rimeleg å venta at næringslivet skal vera med og betala for den delen av bygget som er sjølvfinansierande, seier Søviknes.

Han legg til at dei er i ein prosess med å finna nokon som kan driva restauranttilbodet og truleg også utleigeverksemda.